LOKAL HISTORIE

LOKAL HISTORIE v/ Jon Møretrø

Den lokale historia til dalasauen vert i stor grad sammanfallande med den nasjonale sidan Voss og Vossestrand reknas som vogga til denne rasen, og difor er desse stadane mykje omtala i den nasjonale historia. Ein vil difor i den lokale historia ikkje gjenta alt det som står om desse stadane i den nasjonale historia, men ta med litt meir utfyllande lokalt stoff.

Det fyrste ein høyrer lokalt er at i 1860 hadde prost Smitt (sokneprest Voss 1852-1875) ein stor ver som skilde seg klårt ut frå den vanlege bygdasauen. Den ga så uvanleg store og gilde lam og vart mykje brukt.Denne veren har nok vore av rasen leicester eller kryssing av denne og var nok kome frå Vik i Sogn for her var det slik sau på denne tida.


Utover 1880 åra vart sauen endra både i sentrale Voss og dei meir avsides bygdene på Vossestrand. Mens det i sentrale bygder kom inn mykje sjeviotsau frå bergenskanten, vart det på Vossestrand leicestersau og leicesterblandingar som kom frå Vik i Sogn. Til Vik kom det inn leicestersau frå England i fleire omgangar frå 1855 og utover, og det vart avla på desse i fleire besetningar i Vik både som reine og som kryssingar.

Ein må rekna med at sauehaldare frå bl. a. Myrkdalen merka seg dei store lamma desse sauene hadde då setrane deira ikkje lå langt i frå Vik- setre som hadde desse sauene. På dei årlege husdyrmarknadene i Vik mikkelsdag (29 sept.) var det difor jamleg handelskarar frå Myrkdalen som kjøpte slike dyr og tok dei med seg over fjellet. Dette byrja nok tidleg på 1880 talet og dyra dei kjøpte vart kryssa med sauen dei hadde frå før. Det vart over fleire ti-år avla planmessig for å få fram mest mogeleg av kjenneteikna med kjenner hos dalasauen, lang og høgreist, rett nas, lange og slake øyro og mykje ull.
Så omkring 1900 hadde mykje av sauen på Vossestrand fått dette preg. Her kom det ikkje inn noko sjeviotsau slik som det gjorde i dei sentrale vossebygdene. I desse sentrale bygdene blei den "nye sauen" på Vossestrand lagt merke til og det vart kjøpt inn mykje avlsdyr herifrå. I åra framover vart det difor på Voss stor variasjon i saueflokkane, frå rein sjeviot til flokkar med ulik grad av kjenneteikna til den "nye sauen". På Vossestrand derimot vart det avla vidare på det "nye"og sauen her vart ganske einsarta.kjem meir



 Det vart midt på 50 talet oppretta eit landsdekkande raselag for dalasau med lokallag i kvart fylke. Raselaget hadde som føremål å fremja avlen av dalasau og driva eit landsfemnande arbeid for dalasauen.
I 1963 hadde laget 167 medlemar og av desse var heile 69 frå Hordaland. Her ei liste over medlemane frå Vossestrand og Voss med besetningstal.
Frå Vossestrand:
Olav O. Bygd               22 dyr
Lars A. Bystøl              20 dyr
Mikkel Bystøl               12 dyr
Sjur Hommedal            15 dyr
Lars Lirhus                   16 dyr
Ingebrigt Løen              61 dyr
Lars og Knut K. Mørkve  26 dyr
Lars Kolb. Mørkve         17 dyr
Per A. Nåsen                 17 dyr
Leiv Sausjord                 15 dyr
Ingvald Skjervheim          9 dyr
Lars & Sjur Skjervheim    16 dyr
Leif Skjervheim              56 dyr
Martin Skjervheim           40 dyr
Olav H. Skjervheim         30 dyr
Samson Skjervheim         23 dyr
Anders S Sundve              16 dyr
Kolbein A. Tveite            31 dyr
Kolbein N. Tveite            30 dyr    

Frå Voss
Eirik Bryn                        37 dyr
Anders L. Dugstad             11 dyr
Nils Ekse                          17 dyr
Knut I. Gjøstein                38 dyr
Brynjulf Haugo                  26 dyr
David O. Kløve                 54 dyr
Hermund Kvamme             29 dyr
Ivar L. Kvarekål                21 dyr
Torstein Kvarekål              14 dyr
Leidulf Kyte                      48 dyr
Nils & Knut Lirhus               44 dyr
Haldor Lunde                     47 dyr
Halle Lunde                       13 dyr
Tormod Løne                     5 dyr
Arnfinn Møn                       20 dyr
Knut Mølster                      21 dyr
Lars N. Norekvål                19 dyr
Lars O. Norekvål                 3 dyr
Ivar S. Ringheim                 24 dyr
Johs. K. Ringheim               22 dyr
Knut S. Ringheim                 28 dyr
Olav S. Ringheim                 21 dyr
Anders E. Rode                    29 dyr
Ivar O. Saue                        28 dyr
Johs. K. Seim                      10 dyr
Magne Solstad                       5 dyr
Tomas Tesdal                       19 dyr
Leif Vevatne                        57 dyr
Voss Jordbruksskule              61dyr                             
              

Framside jubileumsskrift (40år) i 1963 Bilde viser Håkon Brusveen, OL mester i langrenn 1960. På Vossasjået i 1960 fekk han eit dalaverlam som takk for OL seieren. Skriftet utgjeve av dalalaget

Nyeste kommentarer

20.01 | 07:48

Kor mykje kosta en dalasau?

05.01 | 16:09

Hei, noen kan sig meg hvor mange antall sauer farm har i Norge

05.01 | 11:14

Kjell Ove Tiller 7656 Verdal Jostein Oldervik 7580 Selbu Jan Overvik 7580 ...

26.11 | 22:01

Noen i trøndelag som har dalasau?😊