DALASAUEN

TILSTAND I 2012/2022

MÅ vera ei framtid for dalasauen. Foto Jon Møretrø

På undersidene til denne sida vil rasekjenneteikna bli beskrivne (ferdig) og historia til dalasauen, både nasjonal og lokal, bli fortald. (Kjem etter kvart)

Her vil ein forsøke å gje eit bilde av stoda til dalasauen i 2012.
Reknar med at det finns omlag 1200 reinrasa dalasau att i landet. Dei fleste besetningane er små (<50 dyr). Dei områda i landet med flest dalasau er: 
Hordaland: Myrkdalen
Sogn og Fjordane: Vik
Rogaland: Hjelmeland,Suldal,Sauda,Forsand
Vest Agder: Hidra, Kvinesdal,Hægebostad
Oppland: Toten
Hedmark: Engerdal
Sør Trøndelag: Selbu

Skal ein vurdera framtida til dalasauen må ein sjå på kva som er positive teikn i dag og kva som gjer det vanskeleg. 

POSITIVE FORHOLD
1.  Reinrasa dalasau godkjend i 2007 av NSG som ein eigen rase og med eigen rasekode. 
2   Rasen blei i 2008 av Norsk genressurssenter og Genressursutvalget definert som trua og bevaringsverdig. Genressurssenteret forpliktar seg til å samarbeide med " Landslaget for reinrasa sau"
3. Raselaget får støtte frå staten til tiltak som kan bevare den reine rasen.
4.   Skal kvart år vera fleire dalaverar til semin.
5.   Utstillingane som raselaget held kvar haust på ulike stader i landet.
6.   Den reinrasa dalasauen har aldri vore råka av dei alvorlege sauesjukdomane.

NEGATIVE FORHOLD
1.   Reinrasa dalasau har urettmessig fått eit dårleg rykte.
2.   Striden som i mange år gjekk mellom NSG og dei som ville bevara den reine rasen.
3.   Smitterestriksjonane har gjort det vanskeleg å selja livdyr og få spreia rasen.
4.   Vanskeleg å unngå innavl.
5.   Utstillingane kor dyra ikkje lenger kan samlast på ein stad, men dømast rundt på gardane.
6.   Særs mange av eigarane som har reinrasa dalasau er i 60-70 åra.
7.   Når veteranane for dei reinrasa flokkane må gje seg er det få som vil ta over og driva vidare.
8.   Tal på besetningar og dyr av reinrasa dalasau har gått mykje attende på 2000 talet.
9.   Eit pessimistisk syn på framtida for dalasauen rår mange stadar.

KONKLUSJON: Å bevare den reinrasa dalasauen framover vil by på utfordringar, og det er mykje å ta tak i.

2022
Situasjonen på landsplan når det gjeld antal dalasau har ikkje betra seg noko særleg frå 2012. Nokre nye besetningar i Møre og Romsdal har kome til. Her i Vestland fylke derimot har det vore ei kraftig auke i antal dalasau. I 2012 var det berre 4 medlemmer i laget, og alle var frå Myrkdalen. Nå i 2022 har laget nær 30 medlemmer frå ei rekke kommunar og antal vinterfora dyr av dalasau er om lag 450.

Vi må sikra denne gilde rasen sin framtid.

Roger 26.11.2017 22:01

Noen i trøndelag som har dalasau?😊

Nils Fjørkenstad 05.01.2018 11:14

Kjell Ove Tiller 7656 Verdal
Jostein Oldervik 7580 Selbu
Jan Overvik 7580 Selbu
Heidi Guldseth Tronset 7580 Selbu

Hjalmar Pettersen 07.10.2017 18:42

Jeg ønsker kjøpe dalasau. Hvor i Nordland kan jeg få kjøpt dalasau
Tlf 75035252

Jon Møretrø 07.10.2017 20:37

Er ikke kjent med at noen har dalasau i Nordland. Nærmeste jeg kjenner til er N. Trøndelag hvor Kjell Ove Tiller og Olav Tiller i Verdal har dalasau.

thor vulvik 11.11.2016 16:32

jeg ønsker å kjøpe meg dalasau.Bor på Nordmøre.vet ikke hvor jeg finner noen som selger dalasauer telf.90691864

| Svar

Nyeste kommentarer

20.01 | 07:48

Kor mykje kosta en dalasau?

05.01 | 16:09

Hei,
noen kan sig meg hvor mange antall sauer farm har i Norge

05.01 | 11:14

Kjell Ove Tiller 7656 Verdal
Jostein Oldervik 7580 Selbu
Jan Overvik 7580 Selbu
Heidi Guldseth Tronset 7580 Selbu

26.11 | 22:01

Noen i trøndelag som har dalasau?😊