SAUEUTSTILLING

DEI FYRSTE UTSTILLINGANE

Utstilling av dalasau  sau tok til på Voss i 1922, men då under namnet Vossasau. Det var statskonsulent for  sau, Jon Sæland, som tykte at mykje av sauen som hadde møtt på utstillingane dei seinaste åra skilde seg klart ut frå sjeviotrasen som var den rasen alle vart dømde etter. Seland bestemtde difor at desse dyra skulle dømast som ein eigen rase for fyrste gong i 1922.

Dyra blei dømde i 4 klassar. Kl. 1: Vaksne verar, kl 2: Rispitverar, kl.3 : Flokk, 3 sauer med lam og kl. 4: Flokk, 3 gimrar. Det møtte 67 nummer under denne nye rasen, og om lag halvparten fekk premie.Mange av dei premierte verane kom frå Vossestrand, og det var i desse bygdene Sæland spesielt hadde merka seg denne "nye" sauen.

Alt i 1923 var namnet Vossasau borte, og rasen hadde fått sitt godkjende namn; Dalasau. Det var 12 utstillare av dalasau frå Vossestrand på vossasjået dette året, men ingen av dei var frå Myrkdalen.
 

Døming av "Flokk" på Vossasjået i 1925. Mykje sjeviotpreg framleis. Foto Jon Seland

| Svar

Nyeste kommentarer

20.01 | 07:48

Kor mykje kosta en dalasau?

05.01 | 16:09

Hei,
noen kan sig meg hvor mange antall sauer farm har i Norge

05.01 | 11:14

Kjell Ove Tiller 7656 Verdal
Jostein Oldervik 7580 Selbu
Jan Overvik 7580 Selbu
Heidi Guldseth Tronset 7580 Selbu

26.11 | 22:01

Noen i trøndelag som har dalasau?😊