UTSTILLING 2012

UTSTILLING 2012

Domarane i arbeid

Etter dagar med regn og snø kom utstillingsdagen med strålande haustver. Me hadde søkt Mattilsynet om løyve til å samla alle dyra på ein stad, og til mange sin undring fekk med løyve til det.
Laget hadde kjøpt inn grindar og med lagde innhegningar for kvar besetning ute langs florveggen hjå Nils Tveite. Mattilsynet kravde at dyr frå ulike besetningar ikkje måtte ha "snutekontakt", og difor lagde me litt avstand mellom kvar innhegning. Alle, domarar, utstillarar og tiskodarar, tykte dette opplegget fungerte fint, og me vil fortsette å ha det slik ved seinare utstillingar.
Me hadde avertert utstillinga i fleire avisar, men få interesserte møtte fram. Nokre frå øyane utanfor Bergen og frå Samnanger var det, men svært få frå nærområdet.. Me må nok innsjå at interessa for reinrasa dalasau utanom hjå medlemane i laget er sers laber. Lokaøavisa Hordaland møtte opp med journalist og fotograf. og det kom fyldig reportasje i avisa dagen etter.
Resultat frå utstillinga ser du nedanfor.
 

INNMELDE DYR: Kl. 2 Rispitvererer: 2     Kl. 3 Sau med lam: 16    Kl. 4 Gimre: 25    I tillegg kjem kåring av verlam.

UTSTILLARE: Arvid Berland, Jon Møretrø, Lars Ove Sausjord, Leiv Sausjord, Kjetil Skjervheim, Nils Tveite

DOMARE: Kristian Hauan og Gudmund Tønnessen frå Vest Agder. Nils Fjørkenstad frå Oppland.

RESULTAT  
Kl. 2: Rispitver
Fjordgut 1pr og spiss (64,5p) Eigar: Nils Tveite
Perlegut 2pr (58p) Eigare: Jon Møretrø og Nils Tveite
Kl. 3: Sau med lam
Perleros 1pr (71p), Perlerei 1pr (71p), Perlesol 1pr (73p), Perlepryd 1pr (70,5p) Eigar: Jon Møretrø
Fjellfina 1pr og bassau (73,5p) Eigar: Kjetil Skjervheim
Kl. 4: Gimre
Arvid Berland: Symra 1pr, Perla 1pr, Fina 2pr
Jon Møretrø: 10037 Hovdeperla 1pr
Lars Ove Sausjord:10086 Villrosa 1pr, 10064 Buskargod 1pr, 10064 Buskdøla 1pr, 10055 Buskfina 1pr
Kjetil Skjervheim: 111972 Fjellsina 1pr, 111978 1pr og bas, 111980 Dalsymra 1pr, 111991 Myllarjento 1pr, 111993 1pr, 112015 Skibba 1pr, 112022 Breidøla 1pr.
Nils Tveite: 10066 Soldronning 1pr, 10001
Hovdadøla 1pr, 10003 Rosa Mari 1pr, 10033 Sol 2pr, Solrosa 1pr.
Kåring verlam
24 lam vart kåra. Beste verlam hadde Lars Ove Sausjord
Arvid Berland fekk kåra 5 lam
Jon Møretrø fekk kåra 2 lam
Lars Ove Sausjord fekk kåra 7 lam
Kjetil Skjervheim fekk kåra 6 lam
Nils Tveite fekk kåra 4 lam
                                                                                                                                                   

Fjordgut 2011227 1pr og spiss rispit. Eigar: Nils Tveite Foto: J. Møretrø

Sjå "FOTO 2012" for fleir bilde frå utstillinga

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

05.01 | 12:14

Kjell Ove Tiller 7656 Verdal
Jostein Oldervik 7580 Selbu
Jan Overvik 7580 Selbu
Heidi Guldseth Tronset 7580 Selbu

...
26.11 | 23:01

Noen i trøndelag som har dalasau?😊

...
07.10 | 22:37

Er ikke kjent med at noen har dalasau i Nordland. Nærmeste jeg kjenner til er N. Trøndelag hvor Kjell Ove Tiller og Olav Tiller i Verdal har dalasau.

...
07.10 | 20:42

Jeg ønsker kjøpe dalasau. Hvor i Nordland kan jeg få kjøpt dalasau
Tlf 75035252

...
Du liker denne siden