Nyheiter

14.02.2022
Nyheiter blir frå nå av lagt ut under "INFO TIL MEDLEMMER" så sjå der.

27.01.2022
Laget har fått nytt styre. Se hovedside "Myrkdalen Dalasaulag" og underside " Styre".

 2.11.2021
Svarte dalasauer er nå på full fart inn i laget vårt, og det er kanskje på tide. Mykje svart i andre delar av landet. 3 besetnigar i laget vårt vil nå få innslag av svarte dalasauer. Dette er besetningane til Grethe Hesvik, Trine Skistad og Sigbjørn Rognebakke. Alle 3 har svarte kåra vêrlam dei skal nytta i haust.

3.10.2021
Nytt medlem Jonathan Jordalen. Holder til i Vik I Sogn. Har ved hjelp av semin kryssa fram noen få dalasauer. Har kåra eit lam no i haust. Laget ynskjer han velkommen.

13.10.2021
Nytt medlem Stig Henning Rasmussen. Holder til på Askøy, og har nokre få reine dalasauer. Har brukt semin dei siste åra. I år låner han eit kåra vêrlam av Ingunn Nævdal. Laget ynskjer han velkommen.

O3.10.2021
Nytt medlem "Øvre Tveit Gård". Holder til på Askøy og starter opp med dalasau nå i haust. Har kjøpt inn 5 premierte gimrer og ein premiert vaksen vêr. Laget ynskjer dei lukke til.

06.02.2021
Laget har fått 2 nye medlemar i 2021. Desse er: Asle Fosse frå Alver kommune og Andreas Vorland frå Øygarden kommune.

21.06.2020
Årerts utstilling av hanndyr vert laurdag 26 september i ridehallen ved Voss videregåande skule. Hodyra vert dømde heime på gardane.

21.06.20
Innmelde dyr til årets sjå finn du under hovudside "Utstilling/sauesjå" og underside "2020"

12.04.20
Bilder blir lagt ut på hovudside "FOTO" og underside "FOTO 2020"

10.01.20
Fylkeslaget har fått prsjektmidlar frå Landbruksetaten i Hordaland med 10000 kr i 2020 og 5000 kr i 2021. Prosjektet er  "SAUESJÅET" som blir halde i september 2020 og september 2021. Me ønsker gjennom prosjektet å gjenskape noe av det miljøet "VOSSASJÅET" hadde tidlegare.

10.01.20
Fylkeslaget har fått 2 nye medlemar i 2020: Desse er: Asle Nordvik frå Øygarden kommune og Vidar Trengereid frå Bergen kommune.

10.01.20
Fylkeslaget for nye Vestland fylke har nå namn "Reinrasa Sau Vestland"

02.04.19
Utstillinga vår vert laurdag 28 september i ridehallen ved Voss videregående skule. (jordbruksskulen)

02.04.19
Besetningstal/ vinterfora dyr 2018-2019 finn du under hovudside "Myrkdalen dalasaulag" og underside " Besetningar"

14.03.19
Medlemsliste (Førebels)  2019 finner du under hovudside "Myrkdalen dalasaulag" og underside "Medlemar"

26.11.18
Laget får 6 nye (forelpig) medlemmer i 2019, 4 frå Hordaland og 2 frå Sogn & F. 4 av desse vil starte opp med dalasau ved kjøp av livdyr eller krysse seg fram til reine dyr. Dei to andre har dalasau frå før. Konklusjonen er difor at laget vårt er i svært positiv utvikling og interessen for dalasau er aukande i Hordaland og Sogn & F.

13.09
Som ledd i å få fleire eigare av dalasau har laget kjøpt inn eit kåra verlam og gitt til ein ny eigar mot forpliktelse om å nytte den til å avle fram rein dalasau.

30.08
Sauesjået vert i år halde den 29. september i ridehallen ved Voss jurdbruksskule (videregående)

15.08
Det er innmeld 100 dyr til utstillinga på Voss 29 september. Oversikt over innmelda finner du under UTSTILLING/SAUESJÅ og ""2018"

20.03
Bruk av dalasemin 2017/2018
Gløt Birkebom     52 doser
Langdølen           36
Grøndølen           24
Hovdasveisen        9
Gammel semin (70-80 talet)  24 doser
SUM                     145 doser

06.02
Førebels medlemsliste for 2018 lagt ut under hovudside " Myrdalen Dalasaulag" og underside "Medlemar"

26/11
Vi ønsker fleire medlem. Så er du interessert i å være med på å ta vare på den reine dalasauen så meld deg inn i laget vårt. Sjølv om du ikkje har dalasau per i dag så vil eit medlemsskap likevel være ein stønad i bevaringsarbeidet

25.06
På vårt årsmøte 12 mai ble det vedtatt ny struktur på laget. Vi har nå et fylkeslag "Hordaland reinrasa sau" og 3 lokallag "Myrkdalen Dalasaulag", "Hardanger reinrasa sau" og "Bergen m/ omland reinrasa sau". Styret som blei valgt er for fylkeslaget. Lokalagene har berre ein kontaktperson.

25.06
Laget har fått eit nytt medlem. Grethe Hesvik frå Mauranger som har dalasau.

08.06
Innmeldingene til utstillingen finner du under "Utstilling 2017"

08.06
Mange bilder lagt ut på sida "Foto 2017"

31.01
Bilder frå 2017 blir lagt ut på sida "Foto 2017"

28.01
Resultat utstilling 2016 finn du under Utstilling/Sauesjå 2016

28.01
Besetningstal for 2017 finn du under "Besetningar"

16.11
Laget har fått eit nytt medlem, Trine Skistad frå Osterøy. Ho har fleire raser og ønsker å krysse fram reinrasa dalasau.

25.04
Lagd ein oversikt over dalaverar som er nytta denne sesongen. Sjå hovudside "Myrkdalen Dalasaulag" og underside "Besetningar"

22.03
Nye bilder lagt ut på underside "Foto 2016"

15.03
Laurdag 1 oktober vert det utstilling av verar og kåring av verlam i ridehallen på Voss jordbruksskule. Domare her vert Kjell Einar Bø og John Ulvund frå Sogn og Fjordane og Torbjørn Nordmark + ein til frå Rogaland. Døming av hodyr vert heime hos den enkelte. Styret i laget vil lage ein plan for dette. Til denne døminga vil ein også nytte lokale domarar.

15.03
Laget vårt har fått godkjend to nye domarar. Desse er Ivar Hildal og Anders Seljestad. To andre medlemar, Kjell Jacobsen og Stig Bjørkheim blir domaraspirantar ved utstillinga til hausten og vert godkjende som fullverdige domarar etter det. Frå før har laget 3 godkjende domarar: Arvid Berland, Kjetil Skjervheim og Nils Tveite.

14.02
Dala-semin 2015
201101015 Gløt Birkeblom       68 doser
200909007 Breide                   60 doser
201341101 Grøndølen             23
201202116 Skredølen              16
201000012 Langdølen               7
8313689    Semmingsen            6
8466666    Silver                     6
8375247    Daladrømmen          3
Sum                                    188

18.01
Medlemsliste for 2016 finner du under hovudside "Myrkdalen Dalasaulag" og underside "Medlemar"

10.01.2016
Nytt medlemsskap: Lars Nordanger frå Radøy. Han har reinrasa dalasau.

07.12
Besetningstal/vinterfora sau 2015/2016 finner du under hovudside "Myrkdalen Dalasaulag" og underside "Besetningar"

06.12
Nytt medlemsskap: Knut Jarle & Jon Kristian Norheim frå Fusa kommune. Dei har spel og dala.

19.11
Ialt blei 112 dyr premiert på årets utstilling. Av dess var 86 dalasau, 13 spel, 8 suffolk, 3 sjeviot og 2 svartfjes. I tillegg blei det kåra 44 værlam.

19.11
Gjennom Genressurssenteret har to av medlemsbesetningene fått tildelt i alt 5 semindoser frå 1982 til to reinrasa dalaverar.

22.10
Laget har fått to nye medlemar, Audun Jonset og Tjerand Nybø. Begge bur i Odda kommune.

06.09
Katalog til alle utstillingane i haust, mellom anna vår, finner du på heimesida til Landslaget www.reinrasasau.com 

06.09
Kåring av verlam og døming av verar på Voss jordbruksskule (ridehall) mandag 28 september kl 10. Hodyra i Myrkdalen blir dømde om ettermiddagen rundt om på gardane. Hodyra anre stadar i Hordaland blir dømde etter avtale med eigarane.

22.07
Tilvekst lam.
I besetningen til Ivar og Oddmund Hildal er det fleire saueraser. Ut frå vårveginga er tilveksten (g/dg) for lam til dei ulike rasene rekna ut. Sjå Hovudside "Myrkdalen Dalasaulag" og underside "Besetningar".

20.06
Rekordinnmelding i år. Totalt 157 dyr som er ei dobling frå i fjor med 77 dyr som då var rekord. For dei ulike rasene er antalet slik: Dalasau 115, spel 22, suffolk 15, sjeviot 3 og svartfjes 2. I tillegg kjem verlam til kåring som ikkje meldes inn på førehand. Full oversikt sjå hovudside "UTSTILLING/SAUESJÅ" og underside "2015"

11.06
Innmeldingene til haustens utstilling strøymar på, og det ser ut til å verta ny rekord i antal innmeldinger. Full oversikt kjem seinare.

10.06
På årsmøte 03.06 (utsatt ei veke på grunn av ras) blei det valgt eit styre for to år framover. Sjå hovudside Myrkdalen Dalasaulag og underside STYRE.

03.05
Det blir halde årsmøte i laget onsdag 27 mai kl 19.00 Stad: Helgatun Fjellpensjonat i Myrkdalen.

20.04
Bilder frå 2015 blir lagt ut på hovudside "FOTO" og underside "Foto 2015"

04.03
Medlemsliste 2015 finner du under hovudside "Myrkdalen Dalasaulag" og underside "Medlemar".

15.02
Laget har fått eit nytt medlem, Kjell Jacobsen som bur på Evanger i Voss kommune. Han har farga spelsau og sjeviot.

05.02
Semintallene for 2014 reinrasa dalasau er nå klare. 177 doser blei levert mot 140 i 2013. Dette er ei auke på ca 27 %   Dei einskilde verane:
200707250 STABB-GUTT          7
200909007 BREIDE                  38
201000012 LANGDØLEN           26
201101015 GLØT-BIRKE(Svart)  94
201101026 REINDØLEN            12

31.12
FACEBOOK. Laget har tatt initiativ til oppretting av ei facebookgruppe som adminisstreras av Stig Bjørkheim. Gruppa har allereie 30 medlemar så meld deg på. Søkeord er "REINRASA DALASAU".

18.12
Besetningstal (vinterfora) 2015 reinrasa sau til medlemane finn du under hovudside "Myrkdalen Dalasaulag" og underside "Besetningar"

05.12
Laget har fått eit interimstyre som vil fungera fram til eit årsmøte ein gong i 2015. Sjå hovudside "Myrkdalen Dalasaulag" og underside "Styre"

26.11
Laget har fått eit nytt medlem, Einar Ulvund. Han bur i Myrkdalen i Voss kommune og har reinrasa dalasau.

04.10
Mange bilete frå utstillinga lagt ut. Sjå hovudside FOTO og underside FOTO 2014
Fullstendig resultat frå utstillinga sjå hovudside "Utstilling/sauesjå" og underside 2014

15.08
Som forventa fekk me ikkjø løyve av Mattilsynet å samla hodyra ved utstillinga 29.09. Hodyra vil bli dømde heime på gardane. Døming av verar og kåring av verlam vil verta i Myrkdalen denne dagen.

15.08
Lagets viktigaste oppgave nå er å få fleire i Hordaland til å skaffe seg reinrasa dalasau. Me vil sende ut skriv til ei rekke saueeigare med oppfordring til å skaffe seg nokre slike, og på den måten være med på å bevare den reine dalasauen.

10.08a
Lokal-/fylketslagets æresmedlem, Leiv Sausjord, er død. Sjå minneord på framsida.

19.06
Innmeldingen til utstillinga 29.09 er nå ferdig.  I alt er 77 dyr melde inn og det er ny rekord.
Sjå hovudside "Utstilling/sauesjå" og underside "2014"

03.06
Mange nye bilde er lagt ut. Sjå "FOTO 2014".

01.06
Myrkdalen Dalasaulag er nå også eit fylkkeslag (Hordaland) i tillegg til eit lokallag under Landslaget for reinrasa norsk sau.

01.06
Laget har fått 3 nye medlem. Sigbjørn Strand frå Odda, Andreas Vorland frå Sund og John Refsdal frå Vik i Sogn. Desse 3 er lagt inn på medlemslista. Sjå hovudside "Myrkdalen Dalasaulag" og underside "Medlemar"

16.05
Noen bilder frå 2014 er nå lagt ut, sjå "FOTO 2014"

23.03
Utstilling 2014
Utstillinga vert truleg halde måndag 29 september. Me ønsket frdag 26, men då var domarane opptekne annanstads.

17.03

Resultat semin reinrasa dalasau 2013

201101015

Kåringsnr

200909007

201000012

200707035

Gløt-Birkeblom

Namn

Breide

Langdølen

Solvang

Ola D. Gløtvold  Hedmark

Oppdrettar

Olav Georg Tveiten  Vest Agder

Gudmund Tønnessen  Vest Agder

Gudmund Tønnessen Vest Agder

73

Antal doser

22

23

13

Markus Fjørkenstad  Oppland

Stabb-Gutt

200707250

                                                                                           Sum

140

9

 

11.03
Det har vore landsmøte i hovudlaget, Landslaget for reinrasa norsk sau, og styret for 2014 er:
Formann: Gudmund Tønnessen  Vest Agder
Sekr/kass: Nils Fjørkenstad  Oppland
Styremedlem: Ola D Gløtvold  Hedmark
Styremedlem: Kristian Hauan  Vest Agder
Styremedlem: Torbjørn Nordmark Rogaland

24.02
Jan Tore Veland frå Osterøy har meldt seg inn i "Laget". Han er nå tatt med på medlemslista her på heimesida. Sjå hovedside "Myrkdalen Dalasaulag" og underside "Medlemar".

11.02
Oppdaterte besetningstal 2014, sjå hovedside "Myrkdalen Dalasaulg" og underside "Besetningar"

11.02.2014
Laget har fått 4 nye medlem så langt i 2014. Desse er Steinar Ljones og Kåre Olai Solheim frå Ulvik, Bjørn Helge Skåle frå Kvinherad og Husdyrparken v/ Geir Inge Kvitne frå Voss. Sjå oppdatert medlemsliste under hovedside "Myrkdalen Dalasaulag" og underside "Medlemar"

12.12
Medlemsliste for 2014 finner du under hovudside "Myrkdalen Dalasaulag" og underside "Medlemar".

02.12
Besetningstal vinterfora (2014) til medlemane i laget finner du under hovudside "Myrkdalen Dalasaulag" og underside "Besetningar".
Det er ei klår auke når det gjeld antal dalasau, men det totale talet på reinrasa sau er omlag det same som i 2013.

26.11
To nye medlem i Laget: Ivar Hildal og Oddmund Hildal frå Odda kommune. Me set stor pris på at stadig fleir her i Hordaland er interessert i å ta vare på dalasauen og andre reine saueraser.

06.10
Bilder frå utstillinga finner du under "FOTO 2013"

06.10
Laget har fått tre nye medlemar: Ingunn Nævdal frå Bergen og Knut Rognved og Harald Vevle frå Osterøy. Det er me særs nøgde med, og me tek gjerne i mot fleire.

26.09
Resultat frå utstillinga sjå framsida eller UTSTILLING 2013

14 september
Følgetongen med Mattilsynet var ikkje slutt. Nå har me likevel fått løyve til å samle alle dyra på utstillinga fredag 20 september. Utstillinga startar kl 9 og me reknar med å vera ferdige omlag kl 13. Utstillinga haldes på garden til Nils Tveite i Myrkdalen. Kjør inn Tveitavegen rett over brua og følg denne til ende.

3 september
Anken på avslaget om løyve til å samla alle dyra på utstillinga førde ikkje fram, og difor må hodyra dømast heime på gardane. Me har søkt om løyve til å ha kåring av verlam på ein stad og det reknar me med vi får løyve til for det er jo vanleg andre stadar. Kåringa blir på garden til Nils Tveite i Myrkdalen. Møt opp her 20 september og kjøp deg eit fint verlam av reinrasa dalasau. Du kan også bestiile på førehand ved å kontakte heimesida her eller ringe 47298260.

27 juli
Me har fått avslag på søknad om å samla dyra på utstillinga 20 sep. noko som me fekk løyve til i 2012 og som me sjølsagt hadde rekna med i år også. Det er ikkje til å tru at Mattilsynet kan gje løyve eit år og så gje avslag neste år under dei same føresetningane. Litt av ein nedtur, ein mister lysta til å arbeide vidare med å bevara den reinrasa dalasauen og andre reine saueraser. Me har anka på avslaget om å samla dyra og vonar Mattilsynet snur og gjev oss løyve.

8 juli
Sal av kåra verlam.
I 2012 blei det kåra 24 verlam av reinrasa dalasau på utstillinga i Myrkdalen. Dei blei alle enten seld som livdyr eller påsette av eigarane. Vil du sikra deg eit kåra verlam av reinrasa dalasau til hausten kan du allereie no tinga eit. Kontakt via heimesida eller Jon Møretrø, e-post: jomoeret@gmail.com mob: 47298260.

18 juni
Fristen for innmelding er gått ut. I alt 45 innmelde dyr fordelt på 10 utstillarar. Ei lita auke frå 2012. Sjå oversikt under hovudside "UTSTILLING/SAUESJÅ" og underside "2013"

2 juni
Oversikt over innmelde dyr til utstillinga 20 september finner du på hovudside "UTSTILLING/SAUESJÅ" og underside 2013. Lista blir ajourført etter kvart som innmeldingane kjem inn. Frist for innmelding 15 juni.

18 mai
Innmelding til saueutstillinga i Myrkdalen 20 september. Alle som har reinrasa sau i Hordaland er velkomne til å melde inn dyr til utstillinga. Frist 15 juni.  Kontakt heimesida eller Jon Møretrø for å få tilsendt innmeldingsskjema. E-post jomoeret@gmail.com , mob: 47298260

27 april
Lammetal
Lammetal (levende fødde) i besetningane til medlemane i laget finner du under hovudside "Myrkdalen Dalasaulag" og underside "Besetningar". Blir lagt ut etter kvart som lamminga er slutt.

18 april
Nye medlemar
Sjølv om Laget heiter Myrkdalen Dalasaulag så er me eit lokallag av ”Landslaget for reinrasa norsk sau”, og difor eit lag for alle reine sauerasar. Laget vårt er einaste lokallag av reinrasa sau i Hordaland og difor ser me heile fylket som ” vårt” område. Blant medlemane i laget har me fleire som har andre rasar enn dalasau, mellom anna svartfjes, steigar og spælsau (Se underside Besetningar). Me ynskjer å ta vare på alle reine sauerasar og med oppfordrar difor folk i Hordaland som har reinrasa sau, til dømes sjeviot, ryggja, gamal norsk spælsau m/ fleire å melda seg inn i laget. Bruk kontaktsida her eller kontakt Jon Møretrø , e-post jomoeret@gmail.com, mob: 47298260

 

7 apr
Årsmøte for "Landslaget for reinrasa norsk sau" bestemte at utstillinga i Myrkdalen vert halde fredag 20 sep. Me ynskte ein laurdag, men det let seg ikkje gjera. På utstillinga i 2012 fekk me for fyrste gong lov av Mattilsynet å samla dyra på ein stad og det vart særs vellukka. Me vil sjølvsagt gjenta dette i 2013, og me oppfordrar medlem og andre i Hordaland som har reinrasa sau å melde inn dyr, men dette kjem ein attende til.

 

16 feb
Har fått melding frå Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland at ei eventuel ordning med økonomisk tilskot til eigarar av reinrasa dalasau skal behandlast ved avdelinga nå i vår.

8 feb
Laget har fått endå eit nytt medlem, Sigbjørn Rognebakke frå Bordalen Voss kommune. Han har ein reinrasa dalarispit og 14 sauer som vil gje reinrasa dalalam til våren.

15 jan
Besetningstal for 2013 (vinterfora ) er nå klare. Dalasau 252, spælsau 81, svartfjes 14 og steigarsau 1. Til saman 348 som er ei klar auke frå 2012. Dette er gledelig og skuldast i stor grad at me har fått nye medlemar. Sjå meir under hovedside "Myrkdalen Dalasaulag" og underside "Besetningar"

9 jan

Laget har fått endå eit nytt medlem, Anita Jordalen frå Holbygda Vossestrand. Ho har 75 vinterfora spælsau.

8 jan
Laget har fått eit nytt medlem, Svein Anders Øvrevik frå Sæbøvik på Halsnøy. Han har 41 vinterfora reinrasa dalasau og 14 svartfjes

19 des
Lokallaget har laga eit skriv som me sendar til saueeigarar som me trur kan ha nokre reinrasa dalasau eller som ynskjer å krysse inn reinrasa for på sikt å få reinrasa dalasau. Ein krev at ein sau er 7/8 rein for å kunne definerast som reinrasa. Me i Dalasaulaget ynskjer særs å få ein total oversikt over tilstanden for den reinrasa dalasauen i Hordalnd. Dette med tanke på problema med innavl, men også for å betra interessa for denne rasen.

19 des
Lokallaget har kontakta, både skriftleg og muntleg,  Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland med tanke på økonomisk stønad til dei som har reinrasa dalasau. Norsk Genressurssenter definerar  rasen som truga og at det er særs viktig å ta vare på denne rasen som har vore den dominerande i Noreg opp gjennom tida.

28 nov
Lokallaget vårt, Myrkdalen Dalasaulag, er vertar for årsmøte i Landslaget for reinrasa norsk sau. Helga 01-03.03. 2013 vert entusiastane for reinrasa sau samla på Vossastølen på Oppheim. Det er 30 år sidan laget vart skipa og dette vil bli ekstra markert.

25 okt
For tida er Laget i gong med å registrera alle dyr av reinrasa dalasau.Dette er eit tiltak som styret i Landslaget har vedteke og som skal gjennomførast i tida fram mot årsskifte. Føremålet med tiltaket er å kunne dokumentera kor mykje reinrasa dalasau som er att, og på dette grunnlag søke om økonomisk stønad til den enkelte sauehaldar i arbedet med å bevara rasen, Me i lokallaget har ansvar for å registrera reinrasa dalasau i Hordaland og i hovudsak vert det dyr hjå medlemane i laget, men med ynskjer også å koma i kontakt med andre i fylket som meinar dei har reinrasa dyr. Dokumentasjonskravet for at eit dyr skal godkjennes som reinrasa er at de er minst 7/8 reine.

13 okt.
SEMIN 2012
4 verer av reinrasa dalasau tilgjengelege

Solvang 200707035 f. 2007 h. Gudmund Tønnessen Vest Agder 1pr. Far Fjeddebu 24012 1pr. Morfar: Elten 22381 1pr. Frossensæd
Stabb-Gut 200707250 f. 2007 h. Markus Fjørkenstad Oppland 1pr. Far Stabbdølen 23432 1pr. Morfar Rambo 97498 1pr. Frossensæd
Breide 200909004 f 2009 h. Olav Georg Tveiten Vest Agder 1pr. Far Lurifaks 23131 1+1pr. Morfar: Sterkdølen 23132 1+1pr. Frossensæd
Langdølen 201010177 f 2010 h. Gudmund Tønnessen Vest Agder 1pr. Far Lurifaks 23131 1+1pr. Morfar Fjelldølen 24012 1pr. Fersk sæd og frossensæd

8 okt
Mattilsynet lyt til å vera godt nøgde med måten me avvikla utstillinga 21 sept. Me kan difor rekna med at me seinare år også kan samla dyra på garden til Nils Tveite i Myrkdalen med dei tilpassingar som me gjorde i år.

8 okt
Fleir bilete frå utstillinga 21 sept. lagt ut under "FOTO 2012"

8 okt.
Me i dalasaulaget er særs interessert i å kome i kontakt med saueeigare som meiner dei har rein eller tilnærma rein dalasau og som ikkje er medlem av "Landslaget for reinrasa norsk sau". Dette for på sikt å kunne bøte på innavlsproblematikken.

Ta kontakt via heimesida eller e-post jomoeret@gmail,com eller mob. 47298260

Nyeste kommentarer

20.01 | 07:48

Kor mykje kosta en dalasau?

05.01 | 16:09

Hei, noen kan sig meg hvor mange antall sauer farm har i Norge

05.01 | 11:14

Kjell Ove Tiller 7656 Verdal Jostein Oldervik 7580 Selbu Jan Overvik 7580 ...

26.11 | 22:01

Noen i trøndelag som har dalasau?😊