VEDTEKTER

VEDTEKTER

VEDTEKTER FOR REINRASA SAU VESTLAND
§ 1. Reinrasa Sau Vestland skal vera eit lag for dei i fylket som ynskjer å ta vare på og utvikle dalasauen og andre reine sauerasar, men ein kan og vera medlem om ein bur i eit anna fylke.

§ 2. Det skal kvart år haldast utstilling om hausten der hanndyr ver dømde sentralt og hodyr vert dømde heime hos den einskilde utstillar.

§ 3. Domarane på utstillinga må vera godkjende.

§ 4. Domarane må følgje dei utstillingsreglar som gjeld.

§ 5. Vaksne dyr må meldas inn med naudsynte opplysningar til ansvarshavende i laget innan fristen.. Vêrlam til kåring meldes inn med opplysningar om vekt, burd, alder, far og mor til ansvarshavende seinast 3 dagar fø utstillinga.

§ 6. Fullstendig resultat frå utstillinga vert lagd ut på heimesida kort tid etter utstillinga

§ 7. Berre medlemmar kan stilla ut dyr og dei må vera innmelde innan fristen.

§ 8. Utstillinga kvar haust er miljøskapande og ein viktig lærestad med tanke på særmerke for dei ulike sauerasane, og då spesielt for nye utstillarar. Det er difor viktig at domarane er opne i sin vurdering av dyra og medelar utstillar sine inntrykk av det einskilde dyr.

§ 9. Laget kan skaffe annonsar til katalogen som Landslaget for reinrasa norsk sau gjev ut.

§ 10. Laget kan halde kurs for nye domarar om styret ynskjer det. Godkjend domar leiar kurset.

§ 11. Laget skal ha eit styre på 5 medlemmer. Leiar og styre medlemmene blir valt for ein periode på 2 år. Styret er kollektivt ansvarleg for at rekneskap vert førd og fremlagt på årsmøte.

§! 12. Årsmøte skal haldast i mai annan kvart år. Møtet må kunngjerast for medlemmene minst 14 dagar på førehand. Årsmelding og rekneskap skal følgje kunngjeringa. Saker som skal opp på årsmøte må vera sendt inn minst ei veke på førehand.

§ 13. Årsmøte fastsette kontingent og innmeldingsavgift for dei neste 2 åra.

§ 14. Årsmøte skal ha følande innhald:
1. Val av møteleiear
2. Val av referent
3. Årsmelding
4. Rekneskap
5. Val av leiar og styremedlemmer for 2 år.
6. Saker frå styret og innkomne saker frå medlemmer.

§ 15. Vedtekter kan berre endrast på vanleg eller ekstraordinert årsmøte.

§ 16. Ved opphøyr av laget skal eventuelle midlar overførast til Landslaget for reinrasa norsk sau.

| Svar

Nyeste kommentarer

20.01 | 07:48

Kor mykje kosta en dalasau?

05.01 | 16:09

Hei,
noen kan sig meg hvor mange antall sauer farm har i Norge

05.01 | 11:14

Kjell Ove Tiller 7656 Verdal
Jostein Oldervik 7580 Selbu
Jan Overvik 7580 Selbu
Heidi Guldseth Tronset 7580 Selbu

26.11 | 22:01

Noen i trøndelag som har dalasau?😊