DALASAUEN DRONNINGPERLA

DALASAUEN DRONNINGPERLA

Hausten 2020 6 år gamal

Her vil me gjennom tekst og bilete presentera historia om dalasauen Dronningperla. Du kan trykke på bileta og få dei større.

Ho blei født som tvilling i 2014 hjå Nils Tveite i Myrkdalen Voss kommune og fekk øyrenummer 40049. Av ætt har ho noko av det ypperste som finnes innanfor rasen. Faren, Fjordgut 2011227, var fødd hjå Kjell Einar Bø i Vik I Sogn. Den blei ein framifrå god vêr med full poengscore både på ull og kropp. Den blei i 2015 utstilt med avkom på Voss og fekk 1. avkomspremie. Den hadde då ei rekke 1.premi søner og døtrer og fekk sidan mange til. Moren, 6073 Fjelldronning, var fødd hjå Nils Tveite og var ein sjeldan fin og god sau. Den fekk også 1. avkomspremie på Voss i 2015. Den hadde då ein son og 4 døtrer med 1. premi.

2014
60073 Fjelldronning kom om hausten heim frå fjellet i Myrkdalen med to store flotte saulam nr 40049 og 40050 som vegde omlag 55 kg kvar. Eg, Jon Møretrø, fekk velje eit av desse og valte 40049 som eg ga namnet Dronningperla.

2015

Gimer 2015


Ho vart ei stor og fin gimer då ho kom heim frå fjellet. Ho vart utstilt på Voss og fekk 1.premi.

Seinare på hausten vart ho flytta inn til Ivar Hildal i Odda

2016


Ho vart bedekt med gamal semin, Semmingsen 8313689, som ein vona var rein dalarase, men den var nok ikkje 100% rein. Ho fekk 2lam, men eit daua under fødselen. Ho fekk tilsett eit NKS adoptivlam. Begge lamma vog godt over 50 kg om hausten, og vêrlammet 60047 som var hennar eige blei kåra med kåringsnummer 2016130 og fekk bedømminga: Ætt 5p, ullkvalitet 9p, ullmengd 9p og kropp 8p.
Ho sjølv blei stilt ut og fekk 1.pr med bedømminga: Ætt 9p, ullkvalitet 9p, ullmengd 10p, kropp 10p, storleik lam 10p, kvalitet lam 9p, til saman 77p.
Ho gjekk om sumaren på beite i Hildalsdalen for fyrste gong, men gjekk roleg og greit der heile 
sumaren.

2017

Haust 2017


Nok ein vinter på Hildal og i Hildalsdalen om sumaren, men denne hausten vart ho flytta tilbake til Nils Tveite i Myrkdalen.

Dette året var ho bedekt med Tønnvær 2013200 som fekk 1.pr på Voss i 2016. Ein fin og god vêr med særs god dalaætt.

 

 

Dotera Perledokka med lam

Ho fekk 2 lam, eit vêrlam 70094 og eit saulam 70095. Saulammet vart påsett og fekk namnet Perledokka og som blei ein god sau som fekk 1.pr fleire gonger.

Vêrlam 70094/2017196

Vèrlammet 70094 vog 60 kg om hauasten og blei kåra med kåringsnummer 2017196 og med bedømminga: Ætt 6p, ullkvalitet 9,5p, ullmenvoggd 10p, kropp 9,5p, sum 54p.

Lammet vart seld til Asle Nordvik Øygarden

Sonen Prinsen 2017196

Vêren vart verande hjå Asle Nordvik i 2 år før den blei seld vidare til Vidar Trengereid Samnanger.

Han fekk då namnet Prinsen og blei stilt ut på Voss i 2020. Her fekk han 1.pr og vart spiss blant dei vaksne vêrane og nr 2 av alle hanndyr. Han fekk bedømminga: Ætt 7p, ullkvalitet 9,5p,ullmengd 9,5p, kropp 9,5p, sum 64p

Han blei hausten 2021 seld vidare til Øvre Tveit Gård Askøy

2018

Haust 2018

Denne vinteren var ho tilbake hjå Nils Tveite i Myrkdalen og om sumaren gjekk ho på gamle tralter i fjellet der. Ho hadde radiobjelle på seg og den viste at ho gjekk stabilt i område rundt Mykjedalsvatnet i 1000 m høgd.

Ho kom heim om hausten med 2 store lam som begge vog godt over 50 kg.

Ho vart stilt ut dette året, fekk 1.pr med bedømminga: Ætt 9p, ullkvalitet 9p, ullmengd 10p, kropp 9,5p, storleik lam 10p, kvaltet lam 10p, sum 76,5p

 

Saulam 80011 2018

Ho var dette året bedekt med vêren Storefjell 2016031. Den var fødd hjå John Ulvund Vik I Sogn som selde den som lam til NilsTveite. Den fekk 1.pr og vart spiss blant rispitvêrane på Voss i 2017. Den blei sidan seld til Ove Totland Samnanger.

Ho fekk 2 lam, eit vêrlam 80012 og eit saulam 80011. 

Saulammet blei påsett og fekk namnet Lykkeperla. Den blei stilt ut som gimre i 2019 og fekk 1.pr.

Stig Bjørkheim med vêrlam 80012/2018070

Vêrlammet 80012 blei kåra med kåringsnummer 2018070 og fekk poengdøøminga: Ætt 6p, ullkvalitet 8p, ullmengd 10p, kropp 10p, sum 54p. Lammet blei nr 3 i kvalitet blant vêrlammene.

Lammet blei seld til Stig Petter Bjørkheim Askøy og fekk namnet Storprydar.

2019

2019

Framleis i Myrkdalen vinter og sumar. Nok eit år gjekk ho stabilt i sine vante trakter i fjellet, og kom heim med 2 store lam om hausten.

Ho blei stilt ut dette året og fekk bedømminga: Ætt 9p, ullkvalitet 9p, ullmengd 10p, kropp 10p, storleik lam 10p, kvalitet lam 10p, sum 78 p og 1. pr. Den blei kåra til beste sau på utstillinga.

Saulam 2019

Ho var dette året bedekt med Modelldølen 2015015. Den var berre medels stor, men var ein særs fin og nett dalavêr utan så grove trekk på bein og hovud. Den var av svært god dalaætt og vart verande hos Nils Tveite i 2 sesonger før den blei seld til Ingunn Nævdal. Den blei kåra til beste hanndyr på Voss i 2019.

Saulammet 90010 blei seld.

 

Vêrlam 2019

Vêrlammet 90009 var stort og fint, blei kåra med kåringsnummer 2019235 og fekk bedømminga: Ætt 7p, ullkvalitet 9p, ullmengd 10p, kropp 9,5p, sum 54,5p

Sonen Tveitekongen 2021

Vêrlammet 90009/ 2019235 blei seld til Sigbjørn Rognebakke Voss. Han gav den namnet Tveitekongen. 

Den blei stilt ut som rispit på Voss i 2020 og vaksen vêr i 2021 og fekk 1.pr begge gongene.

2020

2 saulam 2020

Nok ein sumar der ho gjekk roleg i dei same traktene som tidlegare år. Ho kom også dette året heim med 2 store fine lam.

Ho blei stilt ut og fekk bedømminga: Ætt 9p, ullkvalitet 9,5p, ullmengd 9,5p, kropp 9,5p, storleik lam 9,5p, kvalitet lam 10p, sum 76p og 1.pr.

2 saulam 2020

Ho var også dette året bedekt med Modelldølen 2015015 og fekk 2 saulam øyrenummer 00025 og 0026. Dei blei begge påsett.

Gimrene august 2021

Saulamma blei seld  og fekk namna 00025 Daladronning og 00026 Fjellbaronessa. Dei blei stilt ut på Voss i 2021 og fekk begge 1.pr.

2021

2021 med 2 saulam. Eit vêrlam mangla.

Ho er nå blitt 7år, men fekk likevel 3 lam for fyrste gong. Dei var født så seint som 7.mai. Ho hadde alle 3 med seg utpå sumaren, men då ho blei henta heim frå fjellet hadde ho berre dei 2 saulamma med seg. Vêrlammet mangla.

Ho var dette året bedekt med ein Modelldølen-son Liaguten 202090576. Den blei stilt ut nå i 2021, fekk 64,5p og 1.pr.  Dei 3 lamma var 2saulam nr 10017 og 10018 og eit vêrlam 00023.

Ho blei stilt ut i klasse "Avkomsgruppe sau" og fekk 1. avkomspremi. Ho hadde då 2 søner med 1.pr og 4 døtrer med 1.pr og 2 lam.

Ho blei sende til slakt denne hausten. Dei 2 saulamma 10017 0g 10018 blir med vidare.

| Svar

Nyeste kommentarer

20.01 | 07:48

Kor mykje kosta en dalasau?

05.01 | 16:09

Hei,
noen kan sig meg hvor mange antall sauer farm har i Norge

05.01 | 11:14

Kjell Ove Tiller 7656 Verdal
Jostein Oldervik 7580 Selbu
Jan Overvik 7580 Selbu
Heidi Guldseth Tronset 7580 Selbu

26.11 | 22:01

Noen i trøndelag som har dalasau?😊